Helt På Vidda Festivalen

Hillman Hunters

Hillman Hunters frå Hallingdal står nypolerte, gøtt innkjøyrde og med fulle batteri, klare te å rulle vidare på konsertsesongen! Det som begynte med ei kanne kaffi og to kassegitarer har raskt utvikla se te å bli eit anerkjent og ettertrakta band med eit utal spellejobber og plateslipp notert på CV-en.   Hallingmarken, Herr Nilsen, Sundreball og Dyrskun, og oppvarming for Åge Aleksandersen er blant scenun som e besøkt og no er dei på veg inn i studio att. 

 

Ei lovnad om noko stort i emning kom ved bandets smått fenomenale opptreden på Hallinglarm i 2019. Koronapausa blei brukt te å snekre sammen låter te eit solid byggverk tå eit debutalbum titulert «Aule», som har rulla jevnt på manges Spotifylister og bilradioer.  

 

Låtene har gjenkjenneleg Aalton-snert med ein solid fjøsstøvel planta i bluesbåsen, oppsamla råskap og fukt fra sørstatssumpenes tidlige deltablues til seinere dampende kvelder i trange lokaler langs Hallingdalselva. Men musikken her er også tatt videre ut i nytt friskt og luftigere pop- og Americana-land. Tekstene er skreve på dialekt og beskriv alt frå små hverdagshendelser te store romantiske følelser med ei original og modig poesi som umiddelbart smett inn øyret til hjernen og forblir der som smilende ettertanker.   

 

Ei slik ettertanke e «Sangen din», ei kjærleikserklæring som blei omtalt i ei anmeldelse som ein diamant tå ei låt. I 2022 kom «Den Kvite ulven», ei heftig paranoiadreven up-tempo bluesrocklåt med tydelige Deep Purple referanser som sett se på hjernen og no sist «Heidersmann», ei nydelig nordicanaballade som vise fire knallsterke sangere som kler korandre.   

 

Hillman Hunters levere massivt trøkk på scena med klar og troverdig tekstformidling frå Syversrudengen, ei rå vokalrekke i Reime/Rodegård/Thorvaldsson, grisefine soloparti fra nevnte Aalton, Reime og Hovden og fjellstøtt komp fra Gjøstein og Steen.  

 

Hillman Hunters er variert, folkeleg og medrivende musikk med nære og gjenkjennelege tekster framført på dialekt og med høg kvalitet som bindeverk i alt. Dette er Hallingmusikk slik som Norge har lært se å kjenne og digge den. 

  

 

Bandet består tå: 

Roger Syversrudengen på vokal/gitar 

Knut Aalton, div. gitarer 

Geir Hovden, tangenter og kor  

Geir Steen, trommer  

Hallvard Gjøstein, bass  

Leif Inge Reime, vokal/munnspel 

Anja Tollefsen Rodegård, vokal  

Charlotte Thorvaldsson, vokal/perk. 

Live frå Sundreball